Aktivitetar langs fjorden

Solvorn

Bær og frukt
Det er lange tradisjonar for dyrking av bar og frukt, og no gir det viktige inntekter til gardar som er egna for det, slik at det gir leveveg.

Jordbruk
Dei mange dalane som skjer seg inn mellom fjella, gir gode beite for husdyr. Det har vore mange som har satsa på sau, og no er det nokså mange som har investert i nye moderande driftsbygningar for storfe. Jordbruket er bærebjelken i næringslivet i Luster, og må seiast å vera både offensivt og optimistisk sjølv om mykje er tungdreve.

Friluftsliv
Det er utruleg mange fine turvegar / stiar langs Lustrafjorden. Dessutan gir fjorden flott utsikt viss turen går i liane rundt. Luster Turlang har vore svært aktivt i mange år, og har lagt godt til rette for både litt spreke og meir spreke. Dagsturhytta på Ytre Eikum er eit godt eksempel på det.
Sjå turtips og kart på UT.no

Sykling
Den lange fjorden, og forholdsvis lite biltrafikk gjer vegane godt egna for sykkelturar. Luster sykkelklubb er aktive, men det er også mange som tek seg ein uorganisert sykkeltur langs Lustrafjorden.

Lokalhistorie om Luster
Om stadnamn i Luster:
Gamle sagbruk i Luster
Luster Kommune i 1905

Her kjem meir om aktivitetar langs Lustrafjorden.