Aktivitetar på fjorden
Einaste båttrafikk i rute, er ferja mellom Solvorn og Ornes.
Noko båttrafikk er det i regi av privat næringsliv knytt til reiselivet.
Skjolden har djupvasskai, og dei store Turistskipa synest godt på fjorden.
Småbåtar
Om sommaren er det eit fin aktivitet med småbåtar. Det er småbåthamn i Gaupne, i Høyheimsvik og i Marifjøra – og det er planar om fleire.
Kajakk
Det er etter kvart mange som har kjøpt seg kajakk privat som dei brukar om sommaren. Dessutan har Luster Turlag utleige / utlån av kajakkar i Vedvik.
Bading
Det er aktivt badeliv om sommaren, med offentleg badeplass i Luster og i Solvorn.
Fiske
Det er ikkje så mange som fiskar i fjorden lenger. Men noko hobbyfiske er det og fangst av sjøkreps. Det er no brislingfiske om ettersommaren / hausten etter at fjorden har vore stengd nokre år. Tidlegare har det vore prøvt å dyrke blåskjel i fjorden, men det er avvikla no. Oppdrett av blåskjell i Lustrafjorden
Dyreliv
Det er sel / kobbe i fjorden, niser og somme tider tek spekkhoggarane ein tur. Det er fint for både private og for reiselivet å sjå at det er liv i fjorden.
Isvanskar i fjordferdsla
Ferdsla på Lustrafjorden
Drukningsulukker i Lustrafjorden
Her kjem meir om aktivitetar på fjorden.